Fred Lipsius
Utsjånad
Fred Lipsius | |||
| |||
Fødd | 19. november 1943 (80 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bronx | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | klarinett, saksofon, piano | ||
Verka som | musikar, saksofonist, musikkpedagog, pianist |
Fred Lipsius (fødd 19. november 1943) er ein USA-amerikansk saksofonist og arrangør, kjend som originalt medlem av jazzrockbandet Blood, Sweat & Tears,[1] der han spelte altsaksofon og piano. Han var medlem av bandet frå 1967 til 1971.
Før Blood, Sweat & Tears spelte Lipsius med Ronn Metcalfe Orchestra.
Lipsius har òg spelt med Simon & Garfunkel, Janis Joplin, og jazzartistane Cannonball Adderley, Thelonious Monk, Zoot Sims, Eddie Gómez, Al Foster, George Mraz, Larry Willis, Randy Brecker og Rodney Jones. Han har òg vore både leiar og sidemann i grupper, og har skrive seks bøker om jazzimprovisasjon.
Lipsius er i dag lærar ved Berklee College of Music i Boston i Massachusetts i USA.[1]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «BERKLEE: Faculty Biography». Berklee. Arkivert frå originalen 10. oktober 2012. Henta April 2011.